07.–09. MAI 2026
Hardanger Internasjonale Siderfest 2026
7-9. mai 2026 er det klart for sjette utgåve av Hardanger Internasjonale Siderfest i Odda og Sørfjorden.
Norsk sider har stor suksess, og vi vil med Hardanger Internasjonale Siderfest spre endå meir kunnskap, synlegheit og blest om norsk kvalitetssider! Velkomen til den aller første internasjonale siderfesten i Noreg - i vakre Hardanger! Hardanger Internasjonale Siderfest vert arrangert på sidergardane i Sørfjorden og i Lindehuset, eit freda fabrikklokale på smelteverkstomta i Odda.
Program 2026:
Torsdag 7. mai:
Sidermiddagar over heile Hardanger:
Buer restaurant, Langhuset, Hotel Ullensvang, Utne hotel, Siderhuset Ola K, Vøringfoss hotel, Yppal og Hardanger HouseSidersmaking og osteplanke ved Brannstasjonen, Tyssedal.
Fredag 8. mai:
Fagseminar for siderprodusentar, Nibio Lofthus
Politisk vorspiel, Nibio Lofthus
Sidertog, Odda
Siderfest i Sørfjorden - Det blir fest og god stemning i kvar siderbygd.
Smaken av Sekse
Siderfest i Vikebygd
Siderfest på Lofthus
Laurdag 9. mai:
Publikumsdag og messe på Lindeplassen og Lindehuset i Odda. Dersom værmeldinga er bra, utvidar me området.
Velkomen!
“Sider frå Hardanger skal på kartet internasjonalt, og kva er då ikkje betre enn å slå til med ein festival av internasjonale proposjonar.”