Program for den store Siderfesten i Odda 13. mai

Gled dykk til ein innhaldsrik dag i Odda laurdag 13. mai. Her er oversikt over dei ulike aktivitetane som skjer:

HARDANGER INTERNASJONALE SIDERFEST I ODDA
- DEN STORE PUBLIKUMSDAGEN!

Den store publikumsdagen for Hardanger Internasjonale Siderfest på Smelteverkstomta i Odda! Møt norske og nordiske siderprodusentar på Sidersmaking i Lindehuset, bli med på Siderkurs, bokslepp, matmarknad med matboder med smak av det nordiske. Det blir musikk og industrihistorie og god stemning!  

LAURDAG 12. mai kl. 12.00 - 19.00 / LINDEHUSET

SIDERSMAKING

Den store siderfesten er i Lindehuset - eit av dei freda fabrikklokala på Smelteverkstomta. Her kan du treffa siderprodusentar frå heile landet samt ein gjeng nordiske produsentar, og smaka deg gjennom eit stort utval av både norske og internasjonale sidrar.

I Nitrogenanlegget er det Siderbar!

Billett til sidersmakinga i Lindehuset gjev deg inngang på festivalområdet og fem siderbongar, og kostar 395,- per billett. Det er mogeleg å kjøpe fleire bongar på festivaldagen. 


FESTIVALOMRÅDE

På festivalområdet får du smake digg mat og kan kjøpe gode varer på matmarknaden.  Du kan bli med på omvising på Smelteverket og finne ut kvifor det er fabrikkar i Odda, og du kan delta på Siderkurs og smaka på mat og sider-kombinasjonar. Fleire artistar står på scena og Sentralbadet litteraturhus og Iris scene er ope heile dagen.

Det kostar 50,- å kome inn på festivalområdet på Lindeplassen.
 
SIDERKURS, SENTRALBADET LITTERATURHUS

Bli med på siderkurs! Dei to sommeliane og pommelierane Kasper Wrem Anderson og Thor Oddvar Havn slår seg saman med velrenommerte kokkar og flinke matprodusentar og viser veg inn i det sensoriske univers, på Siderkurs der sider møter ulike matrettar.

Kasper Wrem Anderson er tidlegare restaurantsjef på Siderhuset Ola K. og jobbar no som sommelier og pommelier på Buer restaurant i Odda. Thor Oddvar Havn er restaurantsjef i Brasserie 59 på Stord Hotell. Begge undervisar ved Norsk Sommelier Utdannelse (NSU) i Bergen, er smaksdommarar ved NM og VM i siderdømming, held vin- og sidersmakingar, og driv saman Siderpodden, ein podcast om siderens mangefarga univers. 

Saman presenterer Anderson og Havn nasjonale og internasjonale sidrar, nøye utvalde til å matche ulike matrettar.

12.00 / DEN RAUDE SAL 
AROMAHJULET SIDERKURS 
Lær deg å kjenne att kvalitet og særtrekk ved sider! Pommelier og sommelier Kasper Wrem Anderson har jobba tett på sidernæringa i Hardanger dei siste åra, har skrive bøker om sider og designa eit eige aromahjul for sider. Med Thor Oddvar Havn på laget presenterer han hjulet med ei oversikt over omgrep for å skildre duft, struktur, vekt og kjensla av sideren i munnen. Her får du óg med deg nokre «hugsereglar» for sidersmaking, som historie, geografi og produksjonsmetodar. Kvar deltakar får sitt eige aromahjul. Ei perfekt oppvarming før sidersmaking i Lindehuset!   


KL. 13.30 / DEN BLÅ SAL
SIDER MØTER TRADISJONSMAT
Møt ei av landets største matkjendisar: Bodil Nordjore! Ho er matkulturvernar og er kjend som heile landets Bodil-budeie. Nordjore er statsstipendiat og ein framifrå formidlar av norske mattradisjonar. Anderson og Havn set saman med Nordjore ein kombinasjonsmeny der sider møter tradisjonskost. Ikkje gå glipp av denne mogleigheita!

KL. 15.00 / DEN RAUDE SAL
SIDER MØTER SJOKOLADE 
Smak verdsberømt sjokolade frå FJÅK saman med sider! Fjåk er den første bean to bar sjokoladeprodusent i Noreg. Dei lager økologisk, etisk sjokolade i Eidfjord i Hardanger, med dei finaste ingrediensar frå den nordiske naturen. Agurtxane Concellon frå Fjåk Sjokolade har med seg tre utvalde sjokoladar, som vert smaka opp mot tre ulike sidrar.

KL. 16.30 / DEN BLÅ SAL 
SIDER MØTER OST 
Raudvin og ost har tradisjonelt vore ein slager, men har du smaka sider til ost? Det er ein fabelaktig kombinasjon! På dette kurset får du smake korleis ulike ostar smaker til ulike sidrar.


KL. 18.00 / DEN RAUDE SAL 
SIDER MØTER KJØT
Ei spanande sidersmaking der du kan lære korleis pare sider med smaksrike rettar av kjøt frå Vestlandet. VAREGGA - Mat fra Bergen AS består av gardane Løvaas Garden og Kvamme Gard i Arna, der dei produserer råvarer med dyra sin velferd i fokus. Varegga har sett saman ein tre-retters smaksmeny, som pommelierane Anderson og Havn set sider til. Her får du smake drykk frå både lokale og internasjonale siderprodusentar! 



LAURDAG 7. MAI KL. 22.00

KONSERT MED SCARY MONSTERS

David Bowie - tributebandet speler konsert på Iris scene.

Ingerid Wembstad