Bli med på siderkurs

Bli med på siderkurs! Dei to sommeliane og pommelierane Kasper Wrem Anderson og Thor Oddvar Havn slår seg saman med velrenommerte kokkar og flinke matprodusentar og viser veg inn i det sensoriske univers, på Siderkurs der sider møter ulike matrettar.

Kasper Wrem Anderson er tidlegare restaurantsjef på Siderhuset Ola K. og jobbar no som sommelier og pommelier på Buer restaurant i Odda. Thor Oddvar Havn er restaurantsjef i Brasserie 59 på Stord Hotell. Begge undervisar ved Norsk Sommelier Utdannelse (NSU) i Bergen, er smaksdommarar ved NM og VM i siderdømming, held vin- og sidersmakingar, og driv saman Siderpodden, ein podcast om siderens mangefarga univers. 

Saman presenterer Anderson og Havn nasjonale og internasjonale sidrar, nøye utvalde til å matche ulike matrettar.


12.00 / DEN RAUDE SAL / SENTRALBADET LITTERATURHUS
AROMAHJULET SIDERKURS 

Lær deg å kjenne att kvalitet og særtrekk ved sider! Pommelier og sommelier Kasper Wrem Anderson har jobba tett på sidernæringa i Hardanger dei siste åra, har skrive bøker om sider og designa eit eige aromahjul for sider. Med Thor Oddvar Havn på laget presenterer han hjulet med ei oversikt over omgrep for å skildre duft, struktur, vekt og kjensla av sideren i munnen. Her får du óg med deg nokre «hugsereglar» for sidersmaking, som historie, geografi og produksjonsmetodar. Kvar deltakar får sitt eige aromahjul. Ei perfekt oppvarming før sidersmaking i Lindehuset!   


KL. 13.30 / DEN BLÅ SAL / SENTRALBADET LITTERATURHUS
SIDER MØTER TRADISJONSMAT

Møt ei av landets største matkjendisar: Bodil Nordjore! Ho er matkulturvernar og er kjend som heile landets Bodil-budeie. Nordjore er statsstipendiat og ein framifrå formidlar av norske mattradisjonar. Anderson og Havn set saman med Nordjore ein kombinasjonsmeny der sider møter tradisjonskost. Ikkje gå glipp av denne mogleigheita!

KL. 15.00 / DEN RAUDE SAL / SENTRALBADET LITTERATURHUS
SIDER MØTER SJOKOLADE 

Smak verdsberømt sjokolade frå FJÅK saman med sider! Fjåk er den første bean to bar sjokoladeprodusent i Noreg. Dei lager økologisk, etisk sjokolade i Eidfjord i Hardanger, med dei finaste ingrediensar frå den nordiske naturen. Agurtxane Concellon frå Fjåk Sjokolade har med seg tre utvalde sjokoladar, som vert smaka opp mot tre ulike sidrar.

KL. 17.00 / DEN RAUDE SAL / SENTRALBADET LITTERATURHUS
SIDER MØTER KJØT

Ei spanande sidersmaking der du kan lære korleis pare sider med smaksrike rettar av kjøt frå Vestlandet. VAREGGA - Mat fra Bergen AS består av gardane Løvaas Garden og Kvamme Gard i Arna, der dei produserer råvarer med dyra sin velferd i fokus. Varegga har sett saman ein tre-retters smaksmeny, som pommelierane Anderson og Havn set sider til. Her får du smake drykk frå både lokale og internasjonale siderprodusentar! 

Billettar HER

Kristoffer Skogheim